ARTig

ARTig – eit undervisningsopplegg i naturfag, norsk og kunst og håndverk

Charlotte Tvedte                                                       Torunn Hetland
Høgskulelærar i kunst og handverk                              Høgskulelærar i norsk

Korleis kan ein ta vare på barns undring og leik i møte med naturen samtidig som dei lærer å lesa og skriva naturvitskapelege tekstar?

ARTig er eit undervisningsopplegg, eit FOU-prosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom to høgskulelærarar frå Høgskulen Stord/Haugesund og to lærarar i 6. klasse på Rommetveit skule som blei gjennomført hausten 2013. Høgskulelærarane representerer faga kunst- og handverk og norsk, og grunnskulelærarane er klasselærarar og naturfaglærarar. Prosjektet har sitt utgangspunkt i artslære og naturfag, men omfattar viktige tema og  kompetansemål i frå norsk og kunst og handverk. Rommetveit skule deltok i 2013 i eit prosjekt støtta av Nynorsksenteret med fokus på fagskriving og ARTig er ein del av skulen sitt utviklingsarbeid.

Medan L-97 hadde eit sterkt fokus på tema- og prosjektarbeid, har K-06 løfta fram dei grunnleggjande ferdigheitene som ein arena for samarbeid i skulen.  Me vil med undervisningsopplegget ARTig visa at fleirfagleg temaarbeid nettopp er ein måte å arbeida med dei grunnleggjande ferdigheitene på. I dette opplegget er det lesing, skriving og munnlege ferdigheiter som særleg blir arbeidd med, men også digitale ferdigheiter. I det moderne norskfaget arbeider læraren ut frå eit utvida tekstomgrep. I kunst- og handverk er visuell kommunikasjon eit hovudområde. Særleg er sjangeren bildebok for barn ein sjanger der det visuelle møter språklege symbol på ein uttrykksfull måte. Men møtet mellom ord og bilde er også eit spennande samspel i fagbøker for barn, og me ville undersøkja korleis faga våre kan utfylla kvarandre i arbeid med denne sjangeren.

I ARTig er det dei multimodale fagtekstane som er møteplassen for dei tre faga; naturfag, norsk og kunst og handverk. Norskdidaktikkar Rutt Trøite Lorentzenproblematisereri innleiinga til boka Å skrive i alle fag dette at skrivinga no er utvida til fag som naturfag, RLE og samfunnsfag, men at t.d. faget kunst og handverk ikkje er komme inn i prosjektet SKRIV og tankegangen rundt kva skriving inneber. Vårt prosjekt prøver å svara på dette.

Dei praktisk-estetiske læreprosessane og barn sin trong for å veksla mellom inntrykk og uttrykk står sentralt i dette opplegget. Det startar i naturfaget og møtet med den konkrete og sanselege naturen. Dermed framhevar me også det viktige i at barn får bruka kroppen og utforska naturen gjennom å sjå, ta på, lytta til, lukta, at dei får inntrykk av å vera i møte med naturen. Elevane får også inntrykk gjennom møtet med dei multimodale tekstane. I neste omgang vil dei få omforma oguttrykka erfaringar og tankar frå desse møta gjennom symbolspråk som teikning og skriving.

Inspirasjonen og igangsetjaren for ARTig var Jo Nesbø sin litterære figur Doktor Proktor og museumskatalogen Dyr du skulle ønske ikke fantes. Me la vekt på å skapa ein dramaturgi i dette opplegget som bestod i å gå frå erfaringar i naturen og møte med vitskaplege tekstar og over i fabulering og fantasi.Me ville undersøkja om elevane byggjer opp eit repertoar som dei i neste omgang kan nytta kreativt og leikande. Me vil no presentera opplegget i sine tre delar: 1. Ut i hagen og i bekkedalen, 2. Fagbøker om artar og 3. Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit.

 Ut i hagen og i bekkedalen

Undervisningsopplegget starta med at elevane gjekk ut i naturen og oppdaga artar i nærmiljøet sitt. Elevane hadde med seg luper til å studera små insekt eller detaljar på både planter og dyr, og dei hadde med seg boksar eller glas til å samla planter og dyr til klasserommet. Dei brukte teikne- og skrivesaker, samt fotoapparat. Øktene ute i naturen bar preg av leik, iver og begeistring over oppdagingar dei gjorde.

Det vidare arbeidet bestod i å skriva og teikna ut frå eigne erfaringar og å venda seg til faglitteraturen (oppslagsverk) for å læra meir om ein art som dei valde ut. I klasserommet hadde me hengt opp artsplakatar og funne fram mange fagbøker og oppslagsverk. Me hadde også med oss flyttbare tavler som var tilrettelagde for prosjektet med overskrifter og eksempeltekstar. Her hengde dei etter kvart opp eignemultimodale tekstar, og tavlene var utgangspunkt for fagleg formidling og samtale. Observasjonsteikninga hadde ein viktig plass: elevane teikna realistiske, tydelege og karakteristiske framstillingar av arten. Dei beskreiv arten også i ord, fann informasjon om han, og presenterte han i eit sakprega språk.

 Fagbøker om artar 

 Periode to i ARTig handla om sjangeren fagbøker for barn. Lærarane hadde funne fagbøker som handla om forskjellige plante- og dyreartar, og desse skulle klassane lesa i fellesskap. Mange fagbøker for barn har bokmål som målform, så her gjaldt det å få tak i nynorsk faglitteratur og å nytta desse som modelltekstar for lesinga. Me valde å ha fokus på Erna Osland som fagbokforfattar, og dei tre bøkene Dyrevenner, Fint å ha far og Skarpe tenner. Sidan dette var ein del av fagskrivingsprosjektet i regi av Stord kommune og Nynorsksenteret, hadde skulen også fått høve til å kjøpa inn gruppesett med desse bøkene.

Lærar las høgt og brukte lysark til å visa fram oppslag. Ho prøvde å gjera elevane merksame på bruk av illustrasjonar, overskrifter og struktur. Ho stoppa opp ved språklege formuleringar som var morosame, presise, tankevekkande m.m. Slik kunne elevane i neste omgang bli oppmerksame, spørjande og gjerne undrande lesarar og skrivarar. Det fine med Erna Osland sine bøker er at dei er skrivne i ei litt essayistisk form. Oslandsinstil er både leikande og poengtert. I tillegg til høgtlesing og samtale i klassefellesskapet, fekk elevane arbeida parvis med høgtlesing og teikne- og skriveoppgåver kopla til fagbøkene.

Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit

 Den tredje perioden i dette undervisningsopplegget tek elevane med over frå saktekstskriving og over i fabulering og fiksjon. Her skulle elevane skapa sitt eige fantasidyr ut frå ”mønsteret” til Jo Nesbø og museumskatalogen Dyr du skulle ønske ikke fantes.

Me hadde følgjande læringsmål:

Elevane bruker eit fagleg repertoar frå arbeidet med artar i hagen og i bekkedalen og får fram samspelet mellom art og miljø

  • Elevane bruker ”stilen” frå observasjonsteikninga også i framstillinga av fiktive artar
  • Elevane bruker sakteksten sin struktur og språk til gi truverd til arten sin eksistens

Dialogen mellom lærar og elevar stod også svært sentralt gjennom denne perioden. Me prøvde å få fram alt me hadde erfart, lese og skrive om artane i hagen og i bekkedalen. Etter kvart handla samtalen om kva dei burde tenkja på når dei skulle skapa og presentera sin art.

Elevane starta med å forma det visuelle uttrykket. Dei var då plassert i grupper rundt små bord. Heile bordet var dekka med teiknepapir, og elevane gjekk i gong med å laga skisser. For å gjera teikninga til ein prosess og ein dialog mellom elevane, let me gruppene etter ei stund flytta rundt i klasserommet og besøkja medelevane sine ”teiknebord”. Her skulle dei skriva spørsmål til kvarandre sine teikningar.Etter denne sekvensen arbeidde elevane med å skapa arten sin med ord.

Det var eit mål å gjera den multimodale tekstskapinga til ein prosess, der både me som lærarar og medelevane kunne vera medhjelparar i utviklinga av bilde og tekst. Dei neste arbeidsøktene var lagt opp slik at elevane var delt i grupper og stasjonar, der dei fokuserte på ulike delar av tekstskapinga. Ein stasjon hadde fokus på teikninga, ein annan stasjon hadde fokus på det vitskaplege språket og den tredje handla om: ”Difor skulle du ønskja arten ikkje fanst på Rommetveit”.

På teiknestasjonen blei det gitt rettleiing på form, storleik, detaljar og fargelegging. Elevane fekk nytta akvarellblyantar til bildeskapinga, ein mykje brukt teknikk i arbeidet med vitskaplege illustrasjonar. Effekten av blyantane og vatn, gav teikningane både eit tydeleg og enkelt, samt eit kunstnarleg uttrykk. Elevane fekk bruka flora og faunabøker som forbilde for å studera akvarellteknikken, og faglærar demonstrerte. Elevane var sjølvkritiske og strekte seg mot observasjonsteikninga sitt uttrykk, og dei var tydeleg stolte over resultata dei fekk med denne maleteknikken. Mange av elevteikningane var i utgangspunktet barnlege uttrykk med klar referanse til teikneserie, teiknefilm og andre av populærkulturen sine uttrykk. Me rettleia dei i retning av naturfaget og observasjonsteikninga sine uttrykk.

Me brukte også lærarrespons i utviklinga av den språklege tekstdelen.Det blei her særleg arbeidd med ordval og struktur.Etter som arbeidet skreid fram viste det seg atelevanetrong hjelp til å skriva utdjupande. Det var tydeleg at 6. klassingane var vane med ein skrivemåte prega av opplisting av fakta, dei mangla god samanheng og utdjupa i liten grad detaljar. Eleven likte den merksemda og interessa for skriveprosjektet som ei slik responsøkt er.

Refleksjonar i etterkant: Frå fakta til fantasi – med ord og bilde

 Dei ferdige elevtekstane viser elevar som leika seg i ein mellomsjanger mellom fakta og fiksjon. Elevane tek i ulik grad i bruk eit fagspråk. Dei bruker alle forteljinga, men i varierande grad. I samspelet mellom illustrasjon og tekst, ser me at nokre elevar bruker mykje tid og flid på illustrasjonen, medan andre nyttar mest humor og skaparglede innanfor det språklege uttrykket. Me meiner dette samspelet og vekslinga mellom fakta og fiksjon, visualisering og ord har gitt fleire elevar arbeidsglede. Me trur også det var viktig for opplegget at det munna ut i konkrete produkt; ein museumskatalog: Dyr du skulle ønskja ikkje fanst på Rommetveit, og ei utstilling. Elevane såg flotte resultat av arbeidet sitt og var tydeleg stolte.

Dramaturgien i opplegget og at det strekte seg ut i tid var ogsåverdifullt. Fagtekstsjangeren er krevjande, og arbeidsprosessen kan bli svært instruerande og gi lite rom for eleven sine eigne uttrykk. Ved å møta og bruka sjangeren i dei tre periodane, blei det lagt vekt på ulike aspekt ved sjangeren. Elevane har støtt på vanskar og utfordringar, dei har fått rettleiing, dei har fått modellar, men dei har også fått vera skapande og leikande. Dette har gitt variasjon i elevane sine arbeidsmåtar og uttrykk.

Elevane var stolte av dei multimodale tekstane dei hadde forma, men dei var også tydeleg stolte av sjølve ideen sin. Dette blei tydeleg då sjetteklassingane skulle ha med seg fadderbarna i første klasse for å sjå på utstillinga. Sjetteklassingane forklarte ivrig førsteklassingane kva som var ideen bak den fantastiske arten deira; kva eigenskapar den hadde og kvifor den hadde utvikla seg nettopp her på Rommetveit. Dette var samtalar som oppstod spontant mellom dei små og store elevane. Me meiner dette viser at elevane også har tileigna seg naturfaglege innsikter, samt engasjement og glede over å formidla.

Som høgskulelærarar på besøk i to 6. klassar gjennom ein heil haust, var me vitne til mykje arbeidsglede og iver. Dei grunnleggjande ferdigheitene blei arbeidd med og utvikla. Arbeidet med teikning og bilde har vore like viktige for naturfagleg kunnskap og forståing som lesing og skriving. Både teikning og skriving er elevaktive og gjerne litt langsame arbeidsprosessar. Me vil halda fram desse estetiske uttrykksmåtane som svært viktige for barn si læring.  Den fleirfaglege tilnærminga har vore ein styrke, og ved ei eventuell ny gjennomføring vil me svært gjerne ha høgskulelærar i naturfag med på laget. Dei spontane oppdagingane ute i naturen var også gylne augneblinkar for kunnskap og forståing.

Periode 1: Ut i hagen

Periode 1: Ut i hagen

Periode 2: Fagbøker for barn

Periode 3: Doktor Proktor

 Litteraturliste:

Austring, Bennyé og M. Sørensen (2006), Æstetik og læring. Grundbog om æstetiske læreprocesser, Hans Reizels Forlag

Halvorsen, Else Marie (red) 2008), Didaktikk for grunnskolen, Fagbokforlaget

Hodgson, Janet, Rønning, Wenche, Skogvold, Anne Sofie og Peter Tomlinson (2010),  På vei fra læreplan til klasserom. Om læreres fortolkning, planlegging og syn på LK06. NF-Rapport nr 3, nettside, Utdanningsdirektoratet: http://www.udir.no/Upload/Rapporter/2010/evakl/5/smul_andre.pdf?epslanguage=no

Jensen, Mia (2013 ) Estetiske læreprosesser i skole, kulturskole og barnehage, Akademia Forlag

Lorentzen, Ruth Trøite (2008), «Å skrive i alle fag», I: Lorentzen og Smidt, Å skrive i alle fag, Universitetsforlaget

Nesbø, Jo (2010) Doktor Proktors sensasjonelle samling : Dyr du skulle ønske ikke fantes