Improvisasjon, fagdidaktikk og praksisordningar

Helga Aadland

Eg helde på med to pilotprosjekt som er knytt til undervisning i fagdidaktikk, praksisordningar og dei fire ulike formene for improvisasjon som IMTE prosjektet har utforma ; sekvensiell improvisasjon, dialogisk improvisasjon, eksemplarisk improvisasjon og tematisk improvisasjon.

Det eine prosjektet er knytt til undervisningsopplegga studentane i GLU 1 og årseining kroppsøving gjennomførte i praksis våren 2014. Studentane fekk i oppgåve å tenka gjennom  og skriva ned om dei brukte nokon av dei fire formene for improvisasjon i undervisninga si i praksisperioden.

Det andre prosjektet mitt er knytt til intervju av fire lærarar som har tatt 60 stp kroppsøving på HSH, som ein del av lærarutdanninga. Målet med intervjua er å få svar på om innhaldet i den fagdidaktiske undervisninga og dei ulike praksisformene i kroppsøvingsstudiet er relevante for å arbeida som lærar i grunnskulen og om denne utdanninga gir lærarane grunnlag for å nytta improvisasjon i møte med elevane.

 2. Aktivitet skuleåret 2013/12014/Activity Academic Year 2013/2014

Det eine prosjektet starta i januar med at studentane på GLU 1 og årsstudium i kroppsøving fekk ei forelesing om improvisasjon der fokus var på korleis ein kan nytta improvisasjon for å få til god undervisning. Improvisasjon kan definerast som ”Knowing how to act in the moment in response to the immediate enviroment” (Mason, Spence 1999 s. 139). I undervisning handlar improvisasjon om å vera tilstades i undervisninga å våga og gå ut av den nedskrivne planen for timen når det rette ”øyeblikket” oppstår og oppretta interaktiv kommunikasjon med elevane. Sawyer  påpeikar at kunsten med god undervisning er å balansera struktur og improvisasjon og den beste undervisninga byggjer på disiplinert improvisasjon fordi den alltid skjer innanfor romslege strukturar og rammeverk (Sawyer 2011). Jarning  viser til Alterhaug og påpeikar at det er den kyndige improvisasjonen som byggjer på øving, utprøving og erfaring over tid frå arbeid i klasseromma og skulekvardagen som har fagleg interesse i didaktikken og ikkje improvisasjon som nødløysing og lettvinte påfunn når uventa situasjonar oppstår (Jarning 2006).

I det andre prosjektet skal eg nytta ustrukturert intervju når eg intervjuar lærarar som har tatt 60 stp innan kroppsøving på HSH som ein del av lærarutdanninga si. Intervjuguiden  fokuserer på fagdidaktikk, ulike praksisar og improvisasjon. Informantane har på førehand fått informasjon om kva for fagdidaktiske tema og praksisar dei hadde på kroppsøvingsstudiet og informasjon om kva IMTE-prosjektet er dei fire ulike formene for improvisasjon og kvifor eg ynskjer å stilla dei spørsmål om improvisasjon i undervisinga.