Eksempelet som improvisatorisk element i fag og undervisning

Sissel Høisæter

 Kort presentasjon av prosjektet

Eksempelet er eit retorisk grep og eit pedagogisk hjelpemiddel som har vore omtalt sidan antikken, og som er i bruk av folk flest. I framandordbøker blir eksempel forklart som enkelttilfelle ein nyttar for å kasta lys over ein allmenn regel, og omgrepet vert assosiert med ’mønster’ og ’forbilde’. Slike forklaringar peikar både mot ein vitskapsteoretisk samanheng for eksempla, mot eksempelet som illustrasjon og mot eksempel som moralsk rettesnor. Eg definerer eksempel som ein aktivitet, eit objekt eller ein tekst som spesifiserer innhaldet i eit omgrep eller i ein generaliserande tekst.

Undersøkinga ”Eksempelet som improvisatorisk element i fag og undervisning” skal vera ei undersøking av eksempel brukt i munnlege undervisningssituasjonar. Eksempel kan vera brukt i skriftlege analoge og digitale didaktiske tekstar som lærebøker og digitale ressurssider til lærebøker. I slike tilfelle er eksempelet plassert på ein fast stad i lærediskursen. Det kan også vera tilfelle i munnleg undervisning,  læraren kan planleggja å gi eit eksempel knytt til eit lærestoff. Men eksempel kan også oppstå som eit svar på ein mangelsituasjon, læraren må kanskje utdjupa eller forklara noko på ein annan måte, og grip til eit eksempel. Ei tredje moglegheit er at læraren må vurdera om eit planlagt eksempel er nødvendig, om han eller ho skal bruka av undervisningstida på å fortelja det. Dei to siste tilfella er døme på eksempel som improvisatoriske element i undervisninga.

 

Ut frå eiga forsking, leiting i litteratur og observasjon har eg kome fram til at det finst ein paradoksal situasjon i forhold til eksempel i munnlege didaktiske samanhengar:

1 . Eksempel er eit nyttig pedagogisk verktøy

2.  Bruk av eksempel vert ikkje tematisert i lærebøker i generell didaktikk og fagdidaktikk og det vert ikkje undervist i bruk av eksempel i  fag eller i pedagogikk i lærarutdanninga. Eksempelbruk er heller ikkje eit formelt tema i praksis i lærarutdanninga, t.d. i studentane sin praksisplan.

Undersøkinga ”Eksempelet som improvisatorisk element i fag og undervisning” spring ut av ei interesse for å undersøkja om det er moglege å endra det paradokset som er skildra over.

Problemstillinga for pilotprosjektet er:

Korleis kan eksempelbruk tematiserast og undervisast i i lærarutdanninga, og på kva måtar kan ein gjera eksempelbruk til ein komponent i praksisførebuinga og praksisarbeidet til studentane?

Korleis relaterer prosjektet seg til IMTE-prosjektet

Gjennomføring av pilotprosjektet

Gjennomføringa av pilotprosjektet har tre steg:

 

1. Førebu og gjennomføra undervisning om eksempel før praksis med ei studentgruppe.

Tidsrom:  Veke 10-12

Undervisninga er ikkje planlagt, men bør ha i seg elementa:

A. Studentgruppa får innføring i kva eit eksempel er, og korleis det ver brukt

B. Studentane foreslår og utarbeider kriterium for når ein bør bruka eksempel, kva som er god bruk av eksempel.

C. Studentane øver seg på å gi eksempel knytt til eit fagstoff

2. Utprøving i praksis

Studentane har ein dag i praksis der dei førebur ordinære undervisningsøkter med den klassen dei vanlegvis er i praksis i, og der dei førebur å bruka eksempel. Det er ikkje påkravd å bruka dei planlagte eksempla. Gjennomføring: Måndag 17.03, veke 13. Det er avtalt at studentane skal filma undervisinga si. Eg blir med og observerer ei nokre grupper.

3. Refleksjon etter praksis

Studentane rapporterer i eit notat der dei skriv om dei brukte eksempel, kva samanheng dei brukte eksempelet i,  korleis dei brukte eksempel og ei vurdering av korleis eksempelbruken fungerte. Veke 13-14. Dei får fritak for eit anna studiekrav for å gjera denne oppgåva.

Studentgruppa som skal prøva ut opplegget er LU2 GLU5-10, og skulen eg har gjort avtale med er Nysæter Ungdomsskule.