Blei kjent gjennom leik

Førsteårsstudentane i sjukepleie på kampus Haugesund blei kjent og danna arbeidsgrupper på Samspelseminar i dag. – Det var kanonbra, seier student Emilie Øgård Hansen (22).


Sjukepleiestudentane Laura Perez, Line Henriksen og Emilie Øgård Hansen deltok på Samspeldagen i dag. Foto: Lars Smith

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Dei 117 førsteårsstudentane i bachelor i sjukepleie i Haugesund er delt inn i tre klassar med 39 i kvar klasse. Kvar klasse fekk to timar til å møta kvarandre og danna arbeidsgrupper.

– Dette har me gjort i mange år, seier Marianne Kambe som er kullkoordinator for dei nye sjukepleiestudentane.

Finn kvarandre

Ho fortel at alle studentane først helsar på kvarandre og fortel litt om kva dei har gjort i sommarferie og kvifor går på sjukepleiestudiet. Når dei har gjort det, går kvar og ein student til ein student dei har lagt spesielt merke til. Dei to dannar eit par, og så vel paret to andre par som dei vil vera saman med. Para intervjuar kvarandre, og så presenterer det dei har lært om kvarandre for lærarar. Gruppene dei dannar skal jobba saman resten av semesteret med å levera obligatoriske oppgåver (studiekrav) saman.

Samspillseminar 1
Sjukepleiestudentane hadde rebusløp med postar og oppgåver dei måtte løysa. Foto: Lars Smith

– Blei kjent fort

Gruppene hadde òg rebusløp med postar og oppgåver som å gå opp i gymrommet, og å gå opp i sjukepleielaboratoriet og snakka litt om ustyret dei fann. Det var der inne at dei presentere kvarandre for lærarane.

– Leikane gjorde at me blei kjent fort, seier Line Henriksen.

Ho fortel at at ho er nøgd med gruppa ho havna i.

– Eg synst gruppa mi virka som opne personar som har lyst til å læra og vera sosiale. Det er jo litt skummelt når me blir satt saman slik, men så langt synst eg det fungerer, seier ho.

Samspillseminar 2
Dei 117 førsteårsstudentane i Haugesund er delt inn i tre klassar med 39 i kvar klasse.Foto: Lars Smith

– Kanonbra

Emilie Øgård Hansen (22) er òg veldig nøgd med dagen.

– Det var kanonbra. Det var kjekt å møta nye medstudentar, og alle virka kjempekoselige.

– Likte du denne måten å bli kjent på?

– Ja, det var ein kjempebra måte. Eg klarte å opna meg mykje, og det var ein bra måte å bli kjent med dei andre, seier ho.

Øgård Hansen kom i same gruppe som sju andre.

– Eg blei veldig godt kjent med dei som er i den gruppa eg havna i. Eg gler meg veldig til å bli meir kjent med gruppa og å jobba saman med dei, seier ho.

Posted in Førstesemester Tagged with: