Lærte meir om trygge barn

Korleis kan barnehage- og grunnskulelærarar skapa eit trygt og godt miljø for barn i oppvekst, barn i krise, asylsøkarborn og barn som trivst og mistrivst av ulike årsaker. Den studentdrivne konferansen Undervegs ga mange gode svar. Sjå video.

Tekst, foto og film: Lars Smith

Den studentdrivne konferansen Undervegs på HSH hadde eit sterkt program i år: Linnéa Myhre, Trude Havik, Aslaug Grov Almås, Ingrid Helleve, Kjetil Andreas Hansen, Hege Myklebust, Merete Sortland, Kristine Sevik, Jørund Høie Skaug, Marianne Hagelia og representantar frå barnevernet var på plass saman med studentane på barnehage- og grunnskulelærarutdanninga.

Undervegskonferansen er den første av sitt slag i Noreg og er ein lærings- og formidlingsarena for forsking og utvikling (FoU) i utdanninga. Tema varierer frå år til år.

Tema for årets konferanse er «Trygge barn – korleis går det?» og omhandlar korleis barnehage- og grunnskulelærarar kan skapa eit trygt og godt miljø for barn i oppvekst, barn i krise, asylsøkarborn og barn som trivst og mistrivst av ulike årsaker.

Ein ser nærare på korleis det går med barn si psykiske helse, digital kompetanse i barnehage og skule, med elevar og mobbing, med leiken i barnehage og skule, og med barn og sosiale medium/digitale ressursar.

Under konferansen presenterte 3. årsstudentar eiga forskning i samband med sine bacheloroppgåver.

Posted in Læringsformer Tagged with: