Lærte mykje i praksis i bank

I haust har tredjeårsstudentane på Økonomi og administrasjon for første gong hatt praksis. Rakel Olava Mørch (22) stakk av med praksisplass i Danske bank i pilotprosjektet.


Rakel Olava Mørch har hatt praksis i Danske Bank. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Tredjeårsstudentane måtte ha 110 studiepoeng for å søka.

– Me skreiv søknad, og lærarane såg på karakterane våre og intervjua oss. Til slutt valte dei kor me skulle ha praksis, seier Mørch.

Ho fordjuper seg i finans og økonomistyring. Dei to andre studentane som fekk praksisplass går leiing, organisasjon og strategi, og har hatt praksis i Haugesund kommune og Karmøy kommune. Dei fekk først vita kor dei skulle ha praksis i haust.

– Då eg fekk vita at eg skulle vera i bank, lurte eg først på kva dei gjer der, smiler Mørch.

Ho har lært mykje nytt om bank sidan ho tok til i praksis, og praksisen er veldig relatert til studiet ho tek.

– Eg har rekna mykje på kontantstrøm, balanse og resultat i rekneskap på studiet, men eg har ikkje forstått det så godt som eg gjer no, seier ho.

Rakel 2
Mørch har hatt kontoret til venstre for ho medan ho har vore i praksis. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Varierte arbeidsoppgåver

Mørch har eige kontor og eiga mailadresse i banken.

– Eg har fått gjera mange ulike ting. Det første eg jobba med var On-Boarding, der eg jobba med å legitimera verksemder som ville bli kundar i banken. Elles har eg sett på eigenkapital og kontantstrøm til verksemdkundar for å sjå om det er faresignal.

Ho har jobba to dagar i veka i ti veker.

– Eg har fått fleksible arbeidstider, og har fått lov til å tilpassa tidene etter forelesingar, seier ho som no er i gang med å skriva ein praksisrapport om noko som er relatert til arbeidsplassen. Karakteren på rapporten blir karakteren på praksisfaget.

Inspirasjon til bacheloroppgåva

Rakel Olava Mørch skal skriva bacheloroppgåve til våren. Praksisen i banken har gjeve ho inspirasjon til problemstillinga.

– Eg vil undersøka om det er forskjell på kva lånevilkår ei verksemd får hos ulike bankar. Me har fått ja frå to bankar, og skal intervjua dei om korleis dei vurderer kunden for å sjå om det er forskjell i renter og lånesum frå bank til bank.

Posted in Læringsformer, Praksis Tagged with: ,