Snakkar med læraren via nett i praksisperioden

Sjukepleiestudentane som gjekk første året av bachelorutdanninga på Stord fekk rettleiing over internett når dei var i praksis fjor. – Studentane gir gode tilbakemeldingar på prosjektet, og planen er å halda fram med metoden, seier Leif-Steinar Alfsvåg, studieleiar i sjukepleie på kampus Stord.


Her er prosjektgruppa for ikt-prosjektet: Bente Kvilhaugsvik, høgskulelektor i sjukepleiefag (f.v), Ragnhild Steinsland, høgskulelektor i sjukepleiefag, Aslaug Grov Almås, førsteamanuensis i IKT i læring og Leif-Steinar Alfsvåg, studieleiar i bachelor i sjukepleie på kampus Stord. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Tekst: Vilde Hjertholm Lunde

Bruk av teknologi er eit satsingsområde for HSH, og alle utdanningane våre tek i bruk teknologi som ein del av si undervising- og vurderingspraksis.

Fleire studentar og lengre reiseveg

Årsaka til at ein starta eit prosjekt med digital oppfølging på sjukepleie, er at eit skifte i korleis HSH gjennomfører praksis gjorde at fleire studentar gjekk ut i praksis på same tid.

– 100 studentar var i praksis på same tid, mot om lag 40 året før. I tillegg er ein del av praksisplassane langt vekke frå kampus, noko som fører til lang reisetid for lærarane ved oppfølging av studentane, fortel Alfsvåg.

Difor tok HSH i bruk video-kommunikasjonsprogrammet Skype, til å gjennomføra rettleiingssamtalar med studentar og studentgrupper i praksis.

– Det fungerte betre å kommunisera via Skype heimefrå enn frå praksisplassen. Årsaka til dette var at studentane hadde betre rom for konsentrasjon om samtalen heime enn på praksisplassen.

Studentane har fysiske møter med rettleiar i tillegg til dei digitale møtene.

Kabel sjukepleie 2
Bente Kvilhaugsvik, høgskulelektor i sjukepleiefag (f.v), Leif-Steinar Alfsvåg, studieleiar i bachelor i sjukepleie på kampus Stord, Ragnhild Steinsland, høgskulelektor i sjukepleiefag, Aslaug Grov Almås, førsteamanuensis i IKT i læring vil truleg halda fram med ikt-prosjektet. Foto: Vilde Hjertholm Lunde

Skype, Fronter og Facebook

I tillegg auka ein bruken av den felles læringsnettstaden Fronter til innlevering av oppgåver, deltaking i diskusjonar og som informasjonsutveksling mellom studentar og HSH. Studentane oppretta sjølve grupper på Facebook, der dei diskuterer fag.

Prosjektet skal truleg gjennomførast med dei nye førsteårsstudentane i deira første praksis på nyåret.

Gode tilbakemeldingar frå studentar

Aslaug Grov Almås, førsteamanuensis i IKT i læring, er prosjektleiar for Kampusbasert E-læring (Kabel), og er med i prosjektleiinga. Ho meiner at digital praksisoppfølging er eit spanande prosjekt.

– Studentane kjenner godt til Skype og andre kommunikasjonsverktøy, og har difor ikkje problem med å kobla seg opp mot HSH. Derimot er det litt uvant for oss HSH-tilsette å drive rettleiing på denne måten.

– Det er viktig at me ved HSH diskuterer kvifor og korleis me skal gjera dette på best mulig måte for studenten. Kva er fordelane og kva er ulempene? Dette er interessante diskusjonar som me løftar fram i prosjektet, seier ho.

Grov Almås fortel at dei har hatt intervju med studentar i etterkant.

– Dei understrekar at det er kjempepositivt at sjukepleiarutdanninga tek inn bruk av teknologi i utdanninga og diskuterer korleis det kan brukast på ein fornuftig måte, seier ho.

Posted in Digital samhandling, Praksis Tagged with: ,