Arnesen er førstelektor (03.15)

Fagkompetansen i HSH aukar. No har Trond Egil Arnesen fått opprykk til førstelektor. Det sakkyndige utvalet skriv at Arnesen sitt forskings- og utviklingsarbeid har ein kvalitet og nivå som kan jamførast med ei doktoravhandling.


Trond Egil Arnesen

Det er eit sakkyndig utval som har vurdert Trond Egil Arnesen sin kompetanse. Dei skriv:

Søkjaren dokumenterer ei rekkje forskings- og utviklingsarbeid retta inn mot sitt engasjement som kroppsøvingslærar. Fleire av dei tekstane som søkjaren legg fram er knytte til Skolefagsundersøkingar, frå 2009 og 2011, der han har utarbeidd delrapportar åleine eller som medforfattar og har bidratt i utforminga av houdrapportar. Tematisk er engasjementet samla omkring IKT og vurdering i kroppsøvingsfaget, men også evalueringsstudier av andre fag og undervisningsutfordringar ved praktisk-estetiske fag.

Samla sett dokumenterer søkjaren omfattande forskings- og utviklingsarbeid retta inn mot kroppsøving og friluftsliv som undervisningsfag i lærarutdanninga. Framstillingane viser refleksjonsevne og eit analytisk forhold til eiga verksemd. Dokumentasjonen omfattar både fagfellevurderte vitskaplege artiklar, fagartiklar, rapportar, debattinnlegg, konferanseinnlegg og formidling om undervisningsopplegg. Den framlagde dokumentasjonen på hans forskings- og utviklingsarbeid har ein kvalitet og nivå som kan jamførast med ei doktoravhandling.

Gjennom dei framstillingane søkjaren gir av sitt arbeid som kroppsøvingslærar og engasjement for friluftsliv som fag i høgskoleutdanning, vil utvalet karakterisere dette som spesielle kvalifikasjonar innan undervisning og pedagogisk verksemd. Søkjaren dokumenterer relevant praktisk-pedagogisk kompetanse gjennom si framstilling av lang undervisnings- og veiledningspraksis og gjennom årseining i kroppsøving ved lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen (1990) og kroppsøvingsstudier ved Norges Idrettshøgskole (1992 og 1993).

Trond Egil Arnesen ( 44) er i dag tilsett ved Høgskolen Stord/Haugesund, Avdeling for lærarutdanning og kulturfag. Arnesen er cand.scient. frå Norges Idrettshøgskole (1999), med mellomfagstillegg i friluftsliv, kultur- og naturrettleiing frå Høgskulen i Telemark (1995), mellomfagstillegg i kroppsøvingsstudiet (1993) og mellomfagstillegg i trenarstudiet i fotball (1992) ved Norges Idrettshøgskole, og årseining i kroppsøving (1990) frå Bergen lærarhøgskole.

Arnesen har brei yrkeserfaring og har arbeidd ved Stord Lærarhøgskule, som lektor i kroppsøving ved Stord vidaregåande skule, Rælingen videregående skole og som høgskulelektor i kroppsøving ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Det sakkyndige utvalet som vurderte Arnesen sin kompetanse:

  • Professor Gunn Engelsrud, Norges Idrettshøgskole
  • Førstelektor Frode Fretland, Høgskolen i Sogn og Fjordane
  • Dosent Gerd Bjørke, Høgskolen Stord/Haugesund

HSH gratulerer!

Fakta:
Førstelektor er ein tittel på ei forskings- og undervisningsstilling ved enten eit universitet eller ein høgskule. Førstelektorstillinga er ei høgare stilling innan undervisning, læring, formidling og utviklingsarbeid på høgt nivå, og er eit undervisningsorientert alternativ til den meir forskingsorienterte stillinga som førsteamanuensis, som har større krav til vitskapleg kompetanse. For å inneha ei slik stilling må man ha blitt bedømt som førstelektorkompetent av ein sakkyndig komité, enten i samband med søknad på utlyst stilling eller i samband med ein opprykkssøknad frå lågare stilling. (Kjelde: Wikipedia)

 

Posted in Opprykk førstelektor