Fangar og forskar på spontanitet (02.15)

Stipendiat Åsmund Espeland har vegen klar mot doktorgraden i musikk. Der blir det mykje improvisasjon, både for han og dei han forskar på i kulturskulen.


Åsmund Espeland er i full gang med forskinga si på HSH.

Tekst og foto: Vilde Hjertholm Lunde

Kva prøver du å finna svar på?

– Eg skal finna ut meir om korleis lærarar, lærarstudentar og musikarar improviserer i samband med undervisning og musikkutøving.

Kvifor blei det akkurat dette temaet?

– Improvisasjon er eit fenomen eg har interessert meg for i mange år, både som gitarist og lærar. Improvisasjon var også tema då eg gjorde prøveforelesinga på hovedfaget mitt for ti år sidan. Eg synes det er spennande å studera fenomenet på tvers av ulike praksisar, seier Espeland.

Korleis jobbar du?

– I den fasen eg er inne i no er eg ute og gjennomfører feltarbeid på ulike arenaer. I haust observerte og filma eg undervisninga til to lærarar i kulturskulen. Etterpå intervjua eg lærarane medan dei såg på video av si eiga undervisning. Om ikkje lenge skal eg studere lærarstudentar i praksis ved å bruke den same metoden.

Kven jobbar du i lag med?

– Eg er involvert i forskingsprosjektet IMTE (Improvisation in Teacher Education: Curricula and Practice in Dynamic Interplay) her ved HSH, eit prosjekt som ser nærare på improvisasjon i lærarutdanninga. Me er fire stipendiatar som er knytt opp mot prosjektet og arbeider med improvisasjon som tema frå ulike innfallsvinklar. Me har eit fellesskap blant anna gjennom det me kallar stipendiatforum fleire gonger i semesteret.

– I tillegg er eg medlem i forskarskulen Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies, der eg møter stipendiatar frå ulike disiplinar innanfor musikkfeltet.

Kva har du funne ut så langt?

– Eg har ikkje kome så langt i arbeidet med å gjera systematiske analysar av materialet eg har samla inn, så nokre vesentlege funn er det vanskeleg å presentera enno. Det foreløpige inntrykket av undervisninga eg har observert i kulturskulen, er at læraren sin bruk av eit rikt og variert repertoar av metodar og måten læraren kommuniserer med eleven kjem til å stå sentralt i arbeidet mitt framover.

– I desse dagar er eg spesielt interessert i å sjå nærare på korleis læraren opptrer som medmusikant i samband med instrumental- og bandundervising, med andre ord korleis han eller ho spelar saman med og støttar opp under eleven si framføring av eit musikkstykke eller ein låt.

Kor formidlar du arbeidet ditt?

– Førebels har eg presentert arbeidet mitt på fleire seminar i regi av forskarskulen. Etter kvart håpar eg å koma meg rundt på konferansar og produsere fleire artiklar om improvisasjon. Det er produsert forholdsvis lite forskingslitteratur om kulturskulen som skuleslag, så her håpar eg forskinga mi kan fylla eit behov.

Kor tid reknar du med å vera ferdig?

– Eg satsar på å vera ferdig hausten 2017.

Posted in PhD Stipendiat