Improvisasjon som nøkkel til den gode presentasjon (01.15)

Digitale verkty som PowerPoint, Prezi, Notebook og anna er blitt standard i mange klasserom og konferansesalar. Av og til vert dei ei tvangstrøye og hemmar for oss – andre gongar kan desse verktya gi næring til improvisasjon og forløysa glitrande faglege presentasjonar med stort læringsutbytte. Kvifor skjer det? Og korleis skjer det? Stipendiat Øystein Røssland Kvinge jaktar på svara.


Stipendiat Øystein Røssland Kvinge

– Kva prøver du å finna svar på?

– Eg ser på korleis studentar presenterer fagstoff for kvarandre ved hjelp av PowerPoint, Prezi, Notebook og anna presentasjonsteknologi.

– Her ser eg på samspelet mellom presentasjonen av fagstoff som vert synt på skjermen og det som vert formidla fyrst og fremst munnleg.

– Men og korleis kroppen gjennom gestar, plassering og blikk bidrar til meiningsskaping.

– Eg forsøker å finne ut korleis improvisasjon kjem til uttrykk i slike settingar og kva kompetanse den som presenterer må ha for å på ein god måte kunne improvisere i presentasjonen sin.

– Kvifor blei det akkurat dette temaet?

– Eg oppfattar det å kunne omarbeide fagstoff og å gi dette ei ny representasjonsform ved digitale verktøy, som nokså sentralt å kunne for den som skal undervise.

– Vidare er det å presentere i samspel med den visuelle utforminga eit utbredt format som slett ikkje er så lett å handtere verken for den som presenterer eller den som skal høyre på. Eg er difor nyfiken på å finne meir ut om kva som eigentleg går føre seg i slike presentasjonar.

– Stipendiatet mitt er knytta til IMTE prosjektet, så det improvisatoriske er noko eg i utgangspunktet syntes er interessant å forske på i didaktiske situasjonar. Eg har sjølv røynsle frå å improvisere i musikk som jazzpianist og bittelitt som bluesgitarist.

– Eg har som hypotese at det fins parallellar mellom det rammeverket som blues- og jazzmusikarar arbeidar innafor når dei improviserer, og måten den som presenterer arbeider improvisatorisk innafor sine rammer som er sett av til dømes PowerPoint slides.

– Korleis jobbar du?

– Eg nyttar videokamera til å filme framlegg. Eg nyttar også ulike intervjuteknikkar for å få svar på spørsmål eg har med meg inn i klasserommet og ting eg måtte lure på undervegs.

– Eg held no på å transkribere materiale, noko som er ein kjempestor jobb.

– Kven jobbar du i lag med?

– Eg set stor pris på å vere knytt til IMTE-prosjektet her på HSH kor vi er fire stipendiatar som balar med mykje av dei same problemstillingane. Dette gir jamleg høve til å presentere og drøfte spørsmål knytt til eige og andre sine prosjekt.

– Det er mykje læring i å legge fram for andre, for då står eg midt oppi den situasjonen som eg forskar på.

– Elles har eg litt kontakt med det fagmiljøet ved London University som utviklar teorien eg nyttar. Her held kapasitetane Gunther Kress og Carey Jewitt til. I juni var eg i London ei veke på summer school i «Multimodal methodologies» og høyrde på framlegg av både Kress og Jewitt. Sistnemnde kjem til Rommetveitseminaret i juni for å gi workshop i videoanalyse.

– Eg var og nettopp på master class i multimodal analyse ved Syddansk universitet i regi av Theo Van Leeuwen, ein annan kapasitet som har publisert mykje spanande lesestoff.

– Kva har du funne ut så langt?

– Eg må svare med atterhald sidan eg er kome kort i analysen av data, men på same måte som jazzpianisten tolkar sitt harmoniske rammeverk og skapar eit materielt uttrykk som klingane tonar, så trur eg det fyrst og fremst er den munnlege, språklege framstillinga av fagstoff som er kjerna i improvisasjon over til dømes ein slideserie i PowerPoint.

– Her er stor variasjon i kva grad dei eg studerer nyttar manuskript eller snakkar fritt og improvisatorisk i sine framlegg.

– Det ser ut til å være ein samanheng mellom kor fritt ein vel å snakke og i kva grad ein kjenner det fagstoffet ein presenterer.

– Ting tyder på at ein vellukka improvisert presentasjon krevjer solid kunnskap i emnet ein legg fram.

– Kor formidlar du arbeidet ditt?

– No held eg på å førebu mitt aller fyrste paper-framlegg til ein konferanse i «Multimodality: Methodological Explorations» ved London University i januar. Det er litt i tidlegaste laget å delta i slike samanhengar sidan eg berre har halde på eit år. Samstundes er konferanseframlegg ein måte å presse seg sjølv vidare i arbeidet.

– Kor tid reknar du med å vera ferdig?

– Desember 2017 er deadline.

 

Posted in PhD Stipendiat