Korleis er det å vera pårørande til ein med demens? (12.14)

Det prøver stipendiat Ellen J. Svendsbø i HSH å finna gode svar på.


Ellen J. Svendsbø

I dag reknar ein med at det er omlag 70 000 personar i Noreg som har ein eller annan form for demens, medan 250 000 er pårørande til personar med demens. Grunna auka levealder dei neste åra vil talet på menneske med demens auka monaleg.

– Det fins ein del kunnskap om pårørande-rolla til personer med demens, men lite om forskjellar innan dei 250 forskjellige demens-diagnosane, seier Svendsbø.

– I doktorgradsarbeidet mitt ønskjer eg å sjå nærare på kva pårørande til personar med ulike typar demens opplever i sin kvardag, både når dei bur heime og seinare på institusjon.

– Kvifor dette temaet?

– Det blei eit naturleg val for meg. I fleire år som sjukepleiar jobba eg med eldre menneske både med og utan demens, samt deira næraste pårørande. Dette er eit tema som interesserer meg og som er viktig å få fram kunnskap om i samfunnet vårt.

– Korleis jobbar du?

– Eg analyserer data frå «DemVest-studien». Den består av data frå personer med mange ulike typar demens og deira pårørande. Dette er samla inn frå geriatriske poliklinikkar i Bergen, Haugesund og Stavanger.

– For tida er det oppstartsdata eg analyserer. Neste steg blir analyse av oppfølgingsdata 1-3 år seinare.

– Til slutt er planen å gjere fokusgruppeintervju av pårørande til personar med ulik type demens.

– Kven jobbar du ilag med?

– Eg har mine rettleiarar innan Hese Fonna, Karolinska Institutet i Stockholm og Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM).

– Dessutan jobbar eg i lag med kollegaer frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og eg har gode nettverk i London. Og gode kollegaer her på HSH, sjølvsagt.

– Må og nemne at HSH finansierer 50 prosent av stipendiatet mitt.

– Kva har du sett så langt?

– Det er framleis tidleg i prosjektet, men det ser ut for at det er forskjellar på stressmålingar i datamaterialet knytt til ulike demens-typar.

– Korleis formidlar du arbeidet ditt?

– Eg held på med min første vitskaplege artikkel. Til våren skal eg presentere prosjektet med poster på ein konferanse i Frankrike. Elles har eg hatt fleire innlegg på konferansar og møter i Norge.

– Kor tid er du ferdig?

– Reknar med at det skjer i 2018-19

 

Posted in PhD Stipendiat