Meir improvisasjon i klasserommet, takk! (01.15)

HSH har fleire forskarar som jobbar med å få improvisasjon til å bli eit godt og treffsikkert pedagogisk hjelpemiddel i skulen. Stipendiat Oded Ben-Horin er ein av dei.


Stipendiat Oded Ben-Horin i HSH har sitt PhD-arbeid tilknytta Universitetet i Bergen og Griegakademiet. Foto: Lars Smith.

Han forskar på to ting samstundes.

– Det eine er å byggja gode rammer for at lærarar skal styrkje evna si til å improvisere i klasserommet.

– Det andre er å byggja ein konkret, kreativ og tverrfaglig undervisingsmodell på tvers av kunstfag og realfag.

<p- Eg trur at møtepunkta mellom kunst og realfag i skulen er viktige. I komplekse undervisningssituasjonar kan læraren gjennom å bruka improvisasjon løfta undervisinga og syte for betre læring.

– Kvifor blei det akkurat dette temaet?

– Eg er med i HSH sitt store forskingsprosjekt IMTE. Det har som mål å studere omgrepet improvisasjon i undervising, og dei ulike forskarane våre brukar ulike pedagogiske situasjonar til å studere dette.

– Korleis jobbar du?

– Eg er på to nivå. Først samlar eg data om praksisstudentane sin evne til improvisasjon ved å simulere undervisingssituasjonar som inneheld improvisasjon, slik at eg med sikkerheit kan bekrefte at det eg ser på inneheld improviserte element.

– Eg produserer også WASO-prosjekter og studerer prosjekta sine design når det gjeld praksisstudentane si rolle i prosjektet, det vitskaplege tema, skuletrinn, elevane sine haldningar til temaet i etterkant av prosjektet, og praksisstudentane si forståing.

– Kven jobbar du i lag med?

– Kollegaer og studentar på HSH, Bergen Nasjonale Opera, samt gode fagressursar med Dr. Walter Gershon frå Kent State University i USA og Dr. Kerry Chappell frå University of Exeter i Storbritannia.

– Kva har du funne ut så langt?

– Meiner eg har funne masse spennande, men eg må setje det inn i ein meir systematisk analyse før eg kan si noko konkret.

– Eg ser no at det er veldig stort forbetringspotensial rundt korleis WASO-prosjekta er strukturert.

– Eg meiner og at det er mogleg å trena framtidas lærarar i improvisasjon, og at eg skal klare å tilby konkrete øvingar i dette feltet. Men det krev meir forsking.

– Kor formidlar du arbeidet ditt?

– I april skal eg presentere arbeidet mitt på «8th International Meeting of Astronomy and Astronautics» i Brasil. I oktober deltek eg på EU-konferansen «Implementing Creative Strategies into Science Teaching» i Hellas.

– I juni er eg med på konferansen «The Art of Science of Improvisation» her på Rommetveit.

– Eg har og laga ein læreplan basert på eit WASO-prosjektet med ein 3. klasse på Sagvåg skule i fjor. Læreplanen skal publiserast i EU-prosjektet «Implementing Creative Startegies into Science Teaching (CREAT-IT)».

– Og eg jobbar med ein artikkel som tek utgangspunkt i dataene mine omkring improvisasjon i undervisinga.

– Så det skjer mykje.

– Kor tid reknar du med å vera ferdig?

– I 2018

 

Posted in PhD Stipendiat