Mæland er dosent (12.15)

Kjellfrid Mæland er blitt dosent i pedagogikk. Ho dokumenterer forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet, skriv det sakkunnige utvalet som har vurdert Mæland sine arbeid.


Kjellfrid Mæland.

For å bli tilkjent dosentkompetanse må ein ha dokumentert følgjande:

  • omfattande forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet,
  • omfattande pedagogisk utviklingsarbeid og anna pedagogisk verksemd av høg kvalitet
  • høge kvalifikasjonar innan eitt eller fleire av følgjande område:
    – Leiing av forskings- og utviklingsprosjekt
    – Tverrfagleg samarbeid og nettverksbygging
    – Omfattande samarbeid med nærings- og samfunnsliv for utvikling av studietilbod og forskings- og utviklingsverksemd
    – Omfattande samarbeid med kulturlivet for utvikling av studietilbod og forskings- og utviklingsverksemd
    – Yrkeserfaring av særskilt karakter og relevans frå nærings- og samfunnsliv
    – Yrkeserfaring av særskilt karakter og relevans frå kulturlivet – Oppbygging av vitskapelege samlingar
  • relevant praktisk-pedagogisk kompetanse gjennom utdanning eller undervisning og rettleiing.

Det sakkunnige utvalet skriv om Mæland:

Utvalet vurderer det slik at Mæland legg fram omfattande dokumentasjon som viser deltaking i forskings- og utviklingsarbeid retta mot sitt arbeidsfelt og interesseområde, med særleg vekt på kulturdimensjonen i dagens skole.

Ho har lang erfaring frå arbeid i høgskolen og dokumenterer djup innsikt i faginnhaldet i lærarutdanninga ho har arbeidd innafor. Hennar portefølje for å dokumentere kvalitet og nivå for dosentkompetanse har særleg fokus på kulturdimensjonen i skolen. Gjennom deltaking i IMTE-prosjektet har ho fokus på kvalitetsutvikling i lærarutdanninga. Ho viser i sin dokumentasjon eit gjennomtenkt syn på skolens funksjon, også som danningsinstitusjon. Hennar verdigrunnlag gjennomsyrer hennar pedagogiske praksis. Dette har ho eit analytisk og reflektert forhold til.

Det sakkunnige utvalet som har vurdert Mæland :

  • Professor Yngve Troye Nordkvelle, Høgskolen i Lillehammer (leiar av utvalet)
  • Dosent Marit Allern, Universitetet i Tromsø
  • Dosent Gerd Bjørke, Høgskolen Stord/Haugesund

Kjellfrid Mæland er 63 år og oppvaksen på Bømlo. No busett på Rommetveit på Stord. Ho har vore tilsett ved høgskulen sidan 1991, frå 1992 med opprykk til førsteamanuensis. Ho har frå 2002, dr. polit. grad frå NTNU.

HSH gratulerer!

Fakta:
Dosent er ein forskar- og undervisningsstilling på same nivå som professor, men med ein annan fagleg basis. Det grunnleggjande kravet for å kunne tilkjennast dosentkompetanse er omfattande forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet.

Posted in Opprykk dosent