Økland ny dosent (02.15)

Nils Tore Gram Økland har fått opprykk til dosent. – Han har ein omfattande og imponerande produksjon av forskings- og utviklingsarbeid som for det meste er på høgt nivå retta mot yrkesfeltet, skriv det sakkyndige utvalet som har vurdert Økland sin kompetanse.


Nils Tore Gram Økland

For to veker sidan vedtok tilsetjingsutvalet i HSH å gje Nils Tore Gram Økland opprykk til dosent.

Det sakkyndige utvalet skriv:

Nils Tore Gram Økland har ein omfattande og imponerande produksjon av forskings- og utviklingsarbeid som for det meste er på høgt nivå retta mot yrkesfeltet. Det same gjeld for pedagogisk utviklingsarbeid og anna pedagogisk arbeid av høg kvalitet. Arbeida er av varierande omfang og kvalitet, men er likevel prega av fagleg breidd, engasjement og nybrotsarbeid, i tillegg til fordjuping på fleire område, som litteraturdidaktikk, språkdidaktikk og IKT.

I nokre av dei publikasjonane Økland er medforfattar på, må det seiast at det norskfaglege ikkje alltid er i sentrum verken for problemstilling eller teoretisk fundament. Likevel er det grunn til å framheve Økland som forfattar og skribent, i og med at dei fleste arbeida han har hatt hovudansvar for, er godt over gjennomsnittet velkomponerte og velformulerte.

I tillegg har Økland vist ei imponerande evne til samarbeid over faggrenser, særleg i siste del av yrkeskarrieren sin. I nokre høve kan dette ha ført til at han har fått mindre plass til eige fag og eigen formuleringskunst, men samarbeidet har likevel ført til ei utviding av norskfagets domene i lærarutdanninga.

Kommisjonen finn også at Økland har høge kvalifikasjonar innan tverrfagleg samarbeid, nettverksbygging og prosjektleiing, og han dokumenterer omfattande og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse.

Nils Tore Gram Økland er fødd på Stord. I tillegg til ein yrkeskarriere som lektor ved Stord Gymnas, høgskulelektor og førstelektor ved HSH, har han også hatt ei rad med tillitsverv innan lokalpolitikk, mållagsarbeid, lokalt kulturliv, fagforeining og har vore deltakar i ulike faglege råd, utval og styre ved eigen høgskule.

Økland er cand.philol. frå Universitetet i Bergen med faga engelsk grunnfag, historie mellomfag og norsk hovudfag. Vidare har han pedagogisk seminar frå Universitetet i Bergen. På HSH har han undervist i både grunnskulelærarutdanning og barnehagelærarutdanning, og i både språklege og litterære emne, med særleg vekt på lokal og regional litteratur og på IKT i barnehage og skule. Han har også hatt ansvar for undervisning, rettleiing og sensur på masternivå.

Økland blei pensjonist i fjor sommar, men har framleis ei 20 prosent stilling på høgskulen knytt til ulike utgreiingsoppgåver og forskings- og utviklingsrabeid.

Det sakkyndige utvalget som har vurdert Nils Tore Gram Økland sin kompetanse:

  • Professor Margareth Sandvik, Høgskolen i Oslo og Akeshus
  • Dosent Ingrid Fossøy, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Professor Norunn Askeland, Høgskolen i Buskerud og Vestfold

HSH gratulerer!

FAKTA:
Dosent er ei forskar- og undervisningsstilling på same nivå som professor, men med ein annan fagleg basis. Det grunnleggjande kravet for å kunne tilkjennast dosentkompetanse er omfattande forskings- og utviklingsarbeid på høgt nivå retta mot yrkesfeltet.

Posted in Opprykk dosent