Ulmebrann for alle pengene (06.14)

Noregs Forskingsråd har tildelt branningeniørgruppa på HSH 17,8 millionar kroner til å forske på ulmebrann.


HSH har vunne fram i Noregs Forskingsråd med eit stort prosjekt: EMRIS: Emerging Risks from Smoldering Fires. Her ser me nokre av deltakarane i forskargruppa i HSH: Morten Sommer, Bjarne Chr. Hagen, Vidar Frette og Edmundo Villacorta. Gisle Kleppe var ikkje til stades då biletet blei tatt.

– Me er svært nøgde med å ha nådd gjennom i konkurransen, seier professor og prosjektleiar Vidar Frette i HSH.

Han fortel at konkurransen om midlane var hard. Av 55 søknader fekk 7 prosjekt støtte.

– Programmet i Forskingsrådet heiter Strategiske høgskoleprosjekt. Dette er eit program der berre høgskular kan søka, og målet med programmet er at høgskular skal kunna byggja opp kompetansen på forsking, fortel Frette.

– Kva er det de skal forska på, og kva er målet med prosjektet?

– Tema for prosjektet er ulmebrann. Ulmebrann er ein tilsynelatande uskuldig branntype, der det er røyk men ikkje flammar.

– Likevel er ulmebrann ein trussel på fleire måtar. Ulmebrann startar ved relativt låge temperaturar – og kan gå over til full flammebrann. Dessutan er røyken frå ein ulmebrann særleg skadeleg og farleg.




Fototografia viser eit eksperiment med biobrensel (trepellets). Eksperimentet blei gjennomført i eit vertikalt røyr, og på fotografia ser ein nedover i røyret. Røyrveggene er isolerte, og det skjer oppvarming i underkant av røyret. Trådane har med temperaturmåling i gjera. I det øvste fotografiet ser ein røykutvikling frå trepelletsen like før ulmeprosessane har blitt så kraftige at dei vil halda fram uavhengig av varme tilført utanfrå. Det andre fotografiet viser gløding i forkola pelletspartiklar relativt seint i forløpet. Det som er igjen av oske og forkola partiklar etter at alle prosessar har stansa og prøven er kald, er vist i det tredje fotografiet. Sjølv om ulming er ein sakte prosess, blir gjerne det meste av materialet forbrent. I dette tilfellet utgjorde restane vist i det tredje fotografiet berre 7 prosent av startmassen.

Målet med det nye prosjektet er tosidig.

– For det fyrste ønskjer me å vera med på betra den grunnleggjande forståinga av ulmeprosessar.

– For det andre vil me gi konkrete råd til brukarar, det vil seia instansar og industriar som må arbeida med førebyggjing av ulmebrann og innsats om ulukka skulle vera ute.

– Derfor vil me undersøka material som er viktige industrielt, slike som trepellets og ulike typar avfall.

– Korleis vil de gå fram for å auka kunnskapen om ulmebrann?

– Me vil gjennomføra seriar av laboratorieeksperiment, både her ved HSH og ved samarbeidande institusjonar.

– Vidare vil me byggja opp teoretiske modellar for ulmeprosessane, ved detaljert samanlikning med eksperimenta.

– I tillegg vil me undersøka beredskap og innsatsplanar som naudetatar og organisasjonar har for ulukkesforløp der ulmebrann er ein komponent.

– Kven er samarbeidspartnarar i prosjektet?

– Me har to typar samarbeidspartnarar. For det fyrste har me industripartnarar – så langt har me sju, men det kan bli fleire etter kvart. Partnarane spenner frå Riksantikvaren til lokale brannsjefar. Me vil sørga for at me står i dialog med desse partnarane gjennom prosjektet: Partnarane vil få resultata frå prosjektet formidla – og me vil følgja med på kva for utfordringar dei stå oppe i.

– For det andre har me forskingspartnarar, som er heilt integrerte i eksperimenta og byggjinga av numeriske modellar.

– Her har me med Universitetet i Magdeburg i Tyskland og Universitetet i Lund i Sverige.


Bjarne Chr. Hagen, Morten Sommer, Vidar Frette og Edmundo Villacorta gler seg til å gå i gong med prosjektet.

 

Posted in FoU prosjekt