Vitskapsopera fekk EØS-midlar (07.14)

Læringspakka Write a Science Opera (WASO) som førsteamanuensis Oded Ben-Horin ved HSH er opphavsmann til får fotfeste utover Noreg. No har konseptet fått EØS-midlar på 1,2 millionar kroner til eit nytt prosjekt i Portugal.

– Prosjektet skal gå føre seg i Portugal kommande haust.

– Vi på HSH og kollegaer frå Universitetet i Stavanger og Bergen Nasjonale Opera blir også med, fortel Oded Ben-Horin i HSH.

I august kjem sju portugisiske lærarar til HSH for å delta på WASO sin sommarskule på Stord, som ein start på prosjektet.

– Sommarskulen er ei vidareutdanning for lærarar.

– I løpet av ei veke får dei sjølv oppleva, erfara og læra seg den kreative metoden kor realfag og praktiske estetiske fag kombinerast.

– Målet er at deltakarane skal vera klare for å laga ein vitskapsopera for sin eigen skuleklasse.


Oded Ben-Horin

 

Posted in FoU prosjekt