Workshop with professor Anna Sfard (Norwegian only)

Korleis kan ein forstå og kjenne igjen læring gjennom å analysere samtalar mellom vaksne og barn om matematiske spørsmål og problem?

Dette var ei sentral problemstilling då UH-nettverket for pedagogikk, fagdidaktikk og læring møtte den verdskjende professoren Anna Sfard i Bergen i november.  Sfard trakk på denne måten deltakarane inn i innsiktsfulle samtalar om læring og undervisning.

Anna Sfard er professor ved Universitetet i Haifa, men hennar arbeidsområde er heile verda.  Konteksten for Sfard si forsking er først og fremst matematikk og matematikk-didaktikk, men med høg relevans for alle fag og utdanningskategoriar.  Både Sfard sine faglege innspel og måten ho trakk deltakarane med i samtalen om læring og undervisning på skapte stor begeistring og inspirasjon blant deltakarane.

Med-arrangør for samlinga med Sfard var RespMath-prosjektet, eit NFR-finansiert forskningsprosjekt om interaktiv undervisning i matematikk i ungdomsskulen.  RespMath er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogn og fjordane og Volda og Universitetet i Bergen og 10 skular frå regionane.  Prosjektet er også støtta av UH-nett Vest.  Prosjektgruppa har alt invitert Sfard til å kome tilbake for å møte både forskarar og lærarane som er involvert i prosjektet ved eit seinare høve.

 

Professor Anna Sfard briljerte på workshop i Bergen

Deltakarar frå UH-nett Vest institusjonar fulgte godt med då professor Anna Sfard leia ein workshop ved UiB.