Utforsking av algebra med Anna Sfard

Den 22. november fekk alle som er involverte i RespMath møte den verdskjente professoren i matematikkdidaktikk, Anna Sfard frå Universitetet i Haifa, gjennom eit seminar over to timar.  Sfard tok deltakarane med inn i ei utforsking av kva som er naudsynt og korleis vi snakkar matematikk, og då med spesiell merksemd til uformell bruk av algebra og korleis elevane møter samtalar om formal algebra.

Sfard viste med døme korleis samtalar om algebra kan ta ulike former, frå daglegtale til meir symbolsk språk og det blei gode diskusjonar om kva dette gjorde med elevane og deira læring. Ho ga også eit innblikk i historia bak utviklinga av algebra, og korleis denne delen av matematikken oppsto.

Lærarane deltok ivrig i samtalane med Sfard, og det oppsto innsiktsfulle og viktige diskusjonar med høg relevans for prosjektet.