Denne bloggen for TPS-prosjektet har vore ute av drift ei tid, etter ein «kræsj» i sommar. No er vi tydelegvis oppe og går igjen, og skal prøve oppdatere så raskt vi kan!
Månadsarki: november 2014
NIPNET-konferansen 2014
2-3 oktober gjekk NIPNET-konferansen 2014 av stabelen i Stockholm. Her møttest 180 delegatar frå alle dei nordiske landa, flest frå arrangørlandet, Sverige. Ein vel gjennomført konferanse! Sjå vevsida her.
Neste års konferanse blir i Kolding, Danmark, i slutten av november.
All Together Better Health VII – Pittsburgh, PA, USA
Nesten 900 var samla ved den 7. All Together Better Health konferansen i Pittsburgh, PA, USA 5-8 juni 2014. Som vanleg ved desse konferansane var det eit rikt og variert program, og med stor grad av interaksjon. Frå Norge deltok Anders Bærheim og Reidun Kjome frå Universitetet i Bergen og Bente Kvilhaugsvik og Gerd Bjørke frå Høgskolen Stord/Haugesund. Bente viste poster frå TPS-prosjektet og Gerd deltok i eit panel der ein samanlikna styrke og svakheter for IPE (Interprofessional Education) og IPP (Interprofessional Practice) i fire ulike land: Canada, England, Norge og USA. Den første dagen deltok vi i ein interessant prekonferanse workshop leia av University of Toronto, Canada, som har brei erfaring med «faculty development» med sikte på TPS. Sjå meir om konferansen her.
Kurs i digital historiefortelling
19-20 mai 2014 arrangerte TPS-prosjektet saman med Avdeling for lærarutdanning og kulturstudiar ved HSH kurs i Digital historieforteljing, med førstelektor Grete Jamissen, HiOA, som kursleiar. Ca 50 deltakarar deltok.
Kurset var ein reell verkstad der alle deltakarane laga si eiga digitale fortelling, og det vart gitt innføring om prinsippa i digital historiefortelling kombinert med innspel om korleis denne arbeidsforma kan brukast innan undervisning.
Velkommen til TPS-bloggen
TPS-prosjektet om Tverrprofesjonell samhandling vil samle all informasjon om prosjektet som kan vere av interesse for folk som er opptatt av tverrprofesjonell samhandling i yrkeslivet og/eller dei som er opptatt av tverrprofesjonell samhandling/samarbeid innan velferdsutdanningane. Her vil vi beskrive utgangspunktet, kva for føringar som finst når det gjeld vektlegging på samarbeid yrkesgrupper i mellom, og vi vil dele erfaringar med prosjektarbeidet. Her kan du også leggje inn kommentarar, om du vil.
Velkommen!