Ehpic – interessant kurs ved Universitetet i Toronto

15-19 juni deltok Gerd Bjørke og Bente Kvilhaugsvik, HSH ved det årlege kurset som Universitetet i Toronto tilbyr for leiarar og undervisarar som arbeider med undervisning om  tverrprofesjonell samhandling. Kurset – Educating Health Professionals in Interprofessional Care – hadde i år 78 deltakarar, dei fleste frå Canada (Ontario, Toronto), men også deltakarar frå USA, Australia, Sverige, Sveits, Qatar og Norge.

Kurset var intensivt og interaktivt, med god veksling mellom innleiing ved dyktige kursleiarar og arbeid i grupper.

Toronto_grupperKurset var delt inn i fem modular – ein modul pr. dag:

1: Professional and Collaborator Roles

2: Collaborative Teams

3: Facilitation Skills

4: Collaborative Leadership & (e)Valuating Collaboratively

5: Putting it All Together

Erfaringane frå dette kurset vil gi eit godt grunnlag for å arbeide vidare med TPS-prosjektet, med tanke på å ta opp temaet Tverrprofesjonell samhandling i helse- og sosialfagutdanningar her i landet.