Pilot om Tverrprofesjonell samhandling som tema i BA-studier

Innafor TPS-prosjektet vil det hausten 2015 bli prøvd ut ein pilot i temaet «Tverrprofesjonell samhandling» med studentar frå helsefagutdanningar ved dei tre høgskolane som er med i dette prosjektet, Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Østfold og Høgskolen i Ålesund.

Det blir no først arbeidd med å rekruttere studentar (frå bioingeniørutdanning ved HiÅ, vernepleierutdanning ved HiØ og sjukepleierutdanning ved alle tre høgskolane) som er villige til å delta i dette pilotopplegget. Opplegget blir nettbasert, med arbeid i grupper sett saman av studentar på tvers av dei tre høgskolane. Opplegget er tenkt gjennomført i løpet av oktober 2015.