Om TPS-prosjektet

TPS-prosjektet (Tverrprofesjonell samarbeidslæring) er etablert som eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Østfold og Høgskolen i Ålesund. Prosjektet har som mål å utvikle og initiere, prøve ut og etablere nettbaserte utdanningsopplegg med fokus på tverrprofesjonell samhandling, som vidareutdanning for lærarar og rettleiarar og som eit tema innan helse- og velferdsutdanningane. Prosjektet har for perioden 2014-2016 blitt gitt støtte frå Norgesuniversitetet, med kr. 1250000,-.

Bakgrunn for prosjektet

TPS-prosjektet er knytta til føringar gitt i Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd; Samspill i praksis. Her blir det understreka at velferdsutdanningane skal leggje større vekt på førebuingar til samarbeid mellom profesjonsgrupper i velferdsarbeidet. Meldinga konkluderer m.a. med at:

Alle yrkesgrupper i helse- og velferdstjenestene må ha grunnleggende kunnskap om sentrale faktorer av betydning for folkehelse og velferd

Utdanningene må bidra til at kandidatene utvikler en selvforståelse som medarbeidere i et større velferdssystem i tillegg til identiteten som profesjonsutøver

Det er viktig at elever og studenter blir kjent med andre yrkesgrupper i tjenestene og deres roller og oppgaver allerede under utdanningen. (boks 5.10 Hovedpunkter, s. 49)

Om samspelet utdanningane i mellom seier meldinga:

.. I Norge følger utdanning av helse- og velferdspersonell en profesjonsinndelt struktur både i videregåande opplæring og i høyere utdanning, der hver utdanning er lagt opp som et mer eller mindre lukket løp med vekt på fag- og profesjonsspesifikk kunnskap og kompetanse. De nasjonale rammeplanene for de 3årige helse- og sosialfagutdanningene i høyere utdanning reflekterer dette; det same gjør veiledningen i praksisfeltet, som fortrinnsvis ivaretas av en fra samme profesjon.

Samtidig viser internasjonal forskning om bruk av ulike læringsformer i grunnutdanningene at profesjonsidentitet utvikles og utfordres positivt i møtet med andre studentgrupper. Læringen bør foregå både profesjonsvis og sammen med andre, avhengig av læringsmålene. Tverrprofesjonell læring gir spesielt gode resultater når den foregår i yrkesfeltet. (s. 44)

Internasjonalt har det blitt lagt vekt på at ved slik læring bør då studentar frå ulike studieretningar ha høve til å møtast i løpet av studietida for må bli kjende med kvarandre sine kompetanseområde. Definisjonar av Interprofessional learning (IPL) seier at slik samarbeidslæring skjer når

studentar (eller yrkesutøvarar) lærer av, om og med kvarandre

Slik helse- og velferdsutdanningane er organisert i Norge i dag, byr dette på utfordringar, om ein tenkjer at studentar frå dei yrkesretningane som vanlegvis arbeider tettast saman skulle ha felles møtepunkt i studietida. Mange høgskolar har berre ein eller to studieretningar (t.d. berre sjukepleierutdanning, eller berre sjukepleier- og vernepleierutdanning). Korleis skal ein då lære samarbeid med andre yrkesretningar (t.d. med terapeututdanningane)?

Denne utfordringa, eller denne situasjonen, er det mange høgskolar som møter i dag. Dette prosjektet rettar seg såleis mot tilrettelegging for og organisering av læresituasjonar som kan vere gunstige for tverrprofesjonell samarbeidslæring, ut frå dei gitte føresetnadane som kan finnast lokalt.

Problemstillingar som prosjektet skal gi svar på

Hovudmålet er å utvikle kunnskap om korleis digitale verktøy kan understøtte studentane si utvikling av tverrprofesjonell samarbeidskompetanse.

– Kva for meirverdi får TPS ved bruk av utvalde digitale læringsverktøy og læringsressursar?

– Kva for meirverdi vil digitale verktøy gi ved samarbeid mellom fleire høgskolar i utvikling av nye undervisningsopplegg?

– Kva for meirverdi får praksisfellesskap i si utvikling av teammodellar, ved å inngå i samarbeid med høgskolens digitale TPS-opplegg?

Resultatmål i prosjektet

Resultata i prosjektet skal vise seg ved at det blir:

– Utvikla og gjennomført minimum to kull av 15 studiepoengs nettstøtta emne med fokus på tverrprofesjonell samhandling, som vidareutdanning for lærarar, rettleiarar og yrkesutøvarar innan velferdsutdanning og -sektor

– Utvikla og gjennomført nettstøtta tema/delemne om tverrprofesjonell samhandling innafor bachelorstudiene ved tre høgskolar (HSH, HiØ, HiÅ). Opplegget skal vere støttande til dei praktiske læresituasjonane studentane er i.

– Utvikle digitale læringsressursar (lærestoff og case) til bruk i grunn- og vidareutdanning for å lære tverrprofesjonell samhandling

– Utvikle gode teammodellar ved utvalde praksisplassar innan utvalde kommunar og institusjonar i nedslagsfeltet for kvar av dei tre høgskolane, og prøve ut digitale samhandlingsverktøy

– Etablere digitale nettverk for erfaringsutveksling og vidareutvikling av teamkompetanse i nedslagsfeltet for kvar av dei involverte høgskolane.

Tiltak i prosjektet

A, Utvikling av læringsressursar om tverrprofesjonell samhandling i form av

– Lærestoff lagt ut i aktuelle LMS-system eller nettsider (for både grunn- og vidareutdanning)

– Ein case-bank (videosnuttar) som kan brukast i læringsopplegg

– Video-/audioførelesingar som kan leggjast ut i LMS eller på aktuelle nettstader

B, Planlegging av innføring av TPS som tema i utdanningane

– Felles introduksjonsseminar for planarbeidsgrupper ved dei tre høgskolane før bruk av Adobe connect for id© og erfaringsutveksling undervegs

– Introduksjonsseminar for lærarar og praksisrettleiarar med tanke på fasiliteringsprosessar ved TPS evt. gjennomført lokalt ved kvar av høgskolane

– Introduksjonsseminar for involverte deltakarar frå praksisfeltet, med fokus på utvikling av gode teamarbeidsrollemodellar og bruk av digitale samhandlingsverktøy

C, Gjennomføring av læringsopplegg for TPS i form av

– 15 sp vidareutdanning i Tverrprofesjonell samhandling for lærarar og profesjonsutøvarar/praksisrettleiarar

– Tema/delemne i bachelorstudiane ved kvar av dei involverte høgskolane, som nettstøtta studieopplegg knytt til arbeidsoppgåver/studiekrav i studentanes praksisperiodar

– Introduksjon til digital historieforteljing for eitt kull ved kvar av høgskolane, der digitale historier om tverrprofesjonell samhandling blir eit arbeidskrav etter gjennomført praksis.

Digitale verktøy for det pedagogiske utviklingsarbeidet

I prosjektarbeidet: etablering av blogg, eller vevside som ressursbank for materiale som er relatert til prosjektet. Adobe Connect som kommunikasjonsverktøy for prosjektkoordinatorar/ prosjekt-medarbeidarar undervegs i prosjektet.

I studieorganisering: All teoriundervisning lagt opp nettstøtta, med vekt på caseoppgåver (videosnuttar), både for bachelorstudiane og vidareutdanninga. I praksisundervisning får studentane observasjons- og samarbeidsoppgåver relatert til samarbeid yrkesgruppene i mellom. I etterkant av ein praksisperiode får studentgruppa eit arbeidsseminar om digital historieforteljing og produserer eigne forteljingar om erfaringar med TPS.

I undervisning: LMS (Fronterrom) der læringsoppgåver, læringsressursar og oppgåvesvar blir samla på ein plass.

I læringsaktivitetar: studentane arbeider med skriftlege oppgåvesvar, som refleksjonsnotat som blir lagde inn i fellesrom, og som digitale forteljingar som blir produserte og presenterte for heile studentgruppa evt i ein felles ¬´filmfestival.

Prosjektmedarbeidarar oversikt over organisering

> Prosjektleiinga består av ei koordineringsgruppe, med ein prosjektleiar for heile prosjektet og ein prosjektkoordinator frå kva av høgskolane, og ei styringsgruppe, med to-tre leiarar (dekan/studieleiarar) frå kva av høgskolane.

Ved kvar av høgskolane blir det etablert lokale prosjektgrupper, med aktuelle lærarar, praksisrettleiarar og studentrepresentantar. Dei lokale prosjektgruppene blir etablerte ut frå lokale behov og føresetnader.

 

Legg att eit svar