Arbeidskrav: innlevering av felles gruppenotat

Som del av arbeidskravet i TPS-piloten skal det leverast inn eit felles gruppenotat innan 25. november 2016, kl. 12.00.

Gruppa skal i dette notatet oppsummere det gruppa til saman har lært om tverrprofesjonell samhandling i denne perioden.

Med utgangspunkt i det konkrete caset, som viser eit døme på ein samhandlingssituasjon som omfattar mange yrkesgrupper, ber vi gruppa:

  • kort beskrive kva som kjenneteiknar denne konkrete situasjonen,
  • kva for oppgåver kvar av dei profesjonsgruppene som er representerte her har, og deretter
  • løfte fram, på generelt grunnlag, prinsippa for god tverrprofesjonell samhandling der brukar/pasient/klient/person blir ivaretatt.

Påstandar skal underbyggjast teoretisk, med referansar. Omfang: ca. 500 ord.

I tillegg skal gruppa reflektere over sitt eige samarbeid og korleis gruppeprosessen har vore, med inntil  ca. 300 ord.

For utarbeiding av notatet kan gruppa bruke samskrivingsfunksjonen i Office 365, eller andre tilsvarande samskrivingsverktøy. Notatet skal leggjast inn i gruppemappa i Office 365, innan fristen.

Det vil bli gitt tilbakemelding til gruppa innan 12. desember 2016.

Første runde gjennomført

Så har alle gruppene gjennomført sitt første gruppemøte. I veke 45 startar vi opp igjen med møte nr. 2. I mellomtida reknar vi med at alle arbeider med dei læringsmåla/spørsmåla/problemstillingane som vart avdekka i første møtet. Vi minner om dei to kapitla frå Willumsen & Ødegård si bok om «Tverrprofesjonelt samarbeid – et samfunnsoppdrag». Gruppene kan også bruke sine respektive grupperom i Office 365 for utveksling av informasjon, kommunikasjon og idear/tankar om studiearbeidet.

Vi kjem tilbake med nærare instruksjonar for arbeidet med det fellesnotatet gruppene skal utarbeide i etterkant av det siste gruppemøtet.

Nettmøter

Alle deltakarane i piloten skal no ha fått tilsendt epost om både generell informasjon om opplegget frå prosjektleiar Gerd Bjørke og invitasjon til det første nettmøtet frå sin gruppeveileder. Det er viktig at alle svarar på invitasjonen frå gruppeveileder, slik at ein veit at informasjonen er nådd fram, og at alle i gruppa er klare til å gå inn i nettmøtet på det tidspunktet som er sett opp.

For oversikt over gruppene, sjå i menyen over.

Tilgang til lukka grupperom i Office 365

Det er oppretta  eit lukka rom for kvar gruppe med programvara Office 365. Du kjem inn i grupperommet ved å klikke på di gruppe i menyen til høgre. For å kome inn i dette rommet må vi ha gitt deg tilgang. Du kjem berre inn med den epostadressa som vi har fått oppgitt. Er dette ei student-epostadresse, så må du bruke denne ved innlogging. Ønskjer du å bruke ei anna epostadresse, må vi få tilsendt denne.

Når vi har lagt deg inn i rommet får du tilsendt ein epost frå Torgeir Aarbakke, vår IT-kontakt, med ei lenke som du må klikke på. Dette aktiverer kontoen din i Office. Deretter kan du gå inn via www.hsh.no/tpsvest, klikke på di gruppe og opprette Office-kontoen.

Får du problem med å kome inn, så ta kontakt med torgeir.aarbakke@hsh.no eller gerd.bjorke@hsh.no.

Har du fleire Office-konti, så må desse vere lukka når du loggar deg på via «TPS i Vest»-sida.

 

«Fellesemner» ved HiB/UiB og TPS-piloten med felles førelesing

Høgskolen i Bergen har lange tradisjonar med undervisning i «fellesemner» for alle helse- og sosialfagstudentane. No er også tannpleierstudentar frå Universitetet i Bergen inkludert her. I desse emnene inngår også «tverrprofesjonell samarbeidslæring».

Undervisning i fellesemna starta i år opp med ei førelesinga av høgskolelektor Sissel Brenna, mandag 17. oktober. Denne førelesinga er lagt inn som start på TPS-piloten, og blir såleis gjort tilgjengeleg for alle deltakarane her. Her er lenka til førelesinga.