Oppgåver

Videocase

Her er lenka til videocaset som blir utgangspunkt for gruppedrøftingane i det første nettmøtet: «Anne».

Ønskjer du å få litt meir bakgrunnsstoff for å forstå situasjonen i caset, kan du lese her: «Anne’s historie».

Arbeidskrav – innlevering av felles gruppenotat

Som del av arbeidskravet i TPS-piloten skal det leverast inn eit felles gruppenotat innan 25. november 2016, kl. 12.00.

Gruppa skal i dette notatet oppsummere det gruppa til saman har lært om tverrprofesjonell samhandling i denne perioden.

Med utgangspunkt i det konkrete caset, som viser eit døme på ein samhandlingssituasjon som omfattar mange yrkesgrupper, ber vi gruppa:

  • kort beskrive kva som kjenneteiknar denne konkrete situasjonen,
  • kva for oppgåver kvar av dei profesjonsgruppene som er representerte her har, og deretter
  • løfte fram, på generelt grunnlag, prinsippa for god tverrprofesjonell samhandling der brukar/pasient/klient/person blir ivaretatt.

Påstandar skal underbyggjast teoretisk, med referansar. Omfang: ca. 500 ord.

I tillegg skal gruppa reflektere over sitt eige samarbeid og korleis gruppeprosessen har vore, med inntil  ca. 300 ord.

For utarbeiding av notatet kan gruppa bruke samskrivingsfunksjonen i Office 365, eller andre tilsvarande samskrivingsverktøy. Notatet skal leggjast inn i gruppemappa i Office 365, innan fristen.

Det vil bli gitt tilbakemelding til gruppa innan 12. desember 2016.

 

 

Som avsluttande dokumentasjon for dette temaet skal kvar gruppe utarbeide eit felles notat, og levere dette i sitt grupperom som blir oppretta i Office 365.

Frist for innlevering: 25. november 2016

Nærare ret ningsliner for gruppearbeidet og utforming av notatet blir lagt ut her.