Oppstart av pilot for «TPS i Vest»-opplegget

Mandag 17. oktober startar vi opp med piloten «TPS i Vest». Denne dagen blir det gitt ei førelesing om «Tverrprofesjonell samhandling», som blir «streama» og lenka opp på denne nettsida. Førelesar er høgskolelektor Sissel Johansson Brenna, Høgskolen i Bergen.

Elles vil arbeidet i denne piloten bestå av to nettmøter, det eine i veke 42 og det andre i veke 45, og med arbeid med litteratur og andre kjelder i mellomperioden.

Ca. 10-12 oktober blir det lagt ut lenke til eit videocase om ein samhandlingssituasjon, eit ansvarsgruppemøte, som alle bør ha sett gjennom før det første nettmøtet. Dette caset vil bli utgangspunkt for drøfingane i nettmøtet.

Oversikt over gruppeinndeling finn du under «Grupper». Kvar student blir kontakta av sin gruppeveileder i forkant, for å avtale tidspunkt for det første møtet. Du vil også få tilsendt informasjon om opplegget vi epost.

Vel møtt!

Velkommen

På denne nettstaden vil vi leggje ut informasjon som høyrer til opplegget for temaet «Tverrprofesjonell samhandling», som vil bli køyrt som ein pilot H-2016 ved alle helse- og sosialfagutdanningane ved institusjonane innan UH-nett vest.